Nr. 2014/2
Pengevirke - Tidsskrift for ny bankkultur

Eit rikt kulturliv på Bjerkem

Berit og Jakob Bjerkem

Publisert: 17/02/2014

Øver-Bjerkem ligg i Henning i Steinkjer kommune. Her er allsidig drift med ca 30 melkekyr og melkekvote på 180 000 kg.

Garden er ein av mange som ligg på ein morenerygg, har ein gamal ferdselsveg gjennom tunet og gravhaugar like ved tunet – altså ein gamal gard. Garden vart omlagt til økologisk drift i 1997.

Øver-Bjerkem er tildelt både Steinkjer kommunes kulturvernpris, Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa og er som ein av 26 godkjent som Norsk økoturismebedrift av Innovasjon Norge. Tre generasjonar bur på Øver-Bjerkem: Torunn (45) og Johan Einar (45), Jakob Steinar (18), Astri Andrea (15), Berit (66) og Jakob (67). Bjerkem er med i ny-samvirkebedrifta Naturkjøtt SA, som består av seks øko-storfebønder og ei produksjonsbedrift. Dei tar tilbake slakt for vidareforedling og sal. På Bjerkem får du kjøpt økologiske kjøttvarer frå Naturkjøtt og korn og mjøl av gamle kornsortar dyrka på Bjerkem – og bunad sjølsagt.

Berit og Jakob i bunad

Berit og Jakob i bunad.

Bunad

Berit har i mange år hatt sitt hovudkvarter på Bunadburet. Her syr ho dei rekonstruerte bunadene frå Nord-Trøndelag. Kvar tirsdag i vinterhalvåret er det kurs her for dei som ønsker å sy bunaden sjøl. Det er kleskikken i Nord-Trøndelag i perioden 1750-1830 som dannar grunnlaget for den bunaden som Berit produserer. Når du syr bunad etter desse rekonstrueringsprinsippa, så blir ikkje bunaden ein ‘uniform’, fortel Berit. Du kan velge fargar og stoff innafor ei gitt ramme og med dette oppnå stor variasjon.

Sommarutstilling

Kvar sommar sidan 2000 har Berit arrangert utstillingar på Bjerkem. På Bunadburet er det utstilling med tema frå bakgrunnen til dei rekonstruerte bunadane. På Bunadburet finn du utstillinga Bunaddetaljar med undertittel Det er i detaljane fanden sit. Her blir det fokusert på detaljar som gjer den rekonstruerte bunaden spennande. På Gammellavin er det to utstillingar: Jorids kjoleliv og Kjolekrager. Jorid Lund i Verdal er 96 år og har gøymt på kjolane sine frå eit langt liv. Det blir utstilt kjolar frå 1940 og til 1990-åra. Her er brurkjolen frå 1940, strikka badedrakt, kåper, hattar, sko og vesker. Jorid har også gøymt på barneklea. Vakre heimstrikka og heimsydde kleplagg. I tillegg vil det bli ei utstilling med kjolekrager som har tilhøyrt Fredrikke Marie Qvam. Ho er mellom anna er kjent som stiftaren av Norske Kvinners Sanitetsforening.

Gamle kornsortar og baking

Torunn-og-Jakob Bjerkem

Torunn og Jakob Bjerkem i kornåkeren: Tv: Nakenbygg, t.h. Vårspelt. Foto: Berit Bjerkem

Torunn interesserer seg for gamle kornsortar. I fleire år er det no dyrka svedjerug, spelt, nakenbygg og landkveite på Bjerkem. Kårkall Jakob tok til med dette for ein del år sidan. Torunn har reist på kurs i dyrking av og baking med mjøl av desse gamle kornsortane. Sjøl om dei moderne sortane kan gi større avling pr. dekar, toler sterkare gjødsling og egnar seg betre for industriell baking, så viser det seg at dei gamle sortane har både betre næringsinnhald, har ein betre smak og er betre for helsa. Torunn har tatt initiativ til å starte eit nettverk i Midt-Norden for bønder, møllarar, bakarar og andre som er interesserte i dei gamle kornsortane. Sist haust vart det laga eit forsøksfelt her som prøver fleire gamle haustkornsortar. I vår kjem eit felt for prøving av gamle vårkornsortar. Forsøka drives i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving og andre fagfolk rundt om i Norden. I samarbeid med nabokona Cesilie Røli og økobutikken Grønn Bølge på Steinkjer arrangerer Torunn bakekurs for dei som er interesserte i å bake med mjøl frå dei gamle sortane.

Servering

Om du bestiller rom på Bjerkem for eit seminar eller kurs på Gammellavin, så vil du få servert både kortreist og økologisk mat. Brødet vil nok også vera bakt på garden av svedjerug, spelt eller landkveite som er dyrka på bruket. Til forrett, eller dessert, så får du kanskje smakt på nakenbygg. Kanskje får du surdeigsbrød og ganske sikkert får du ei grundig innføring i kva mat du får servert – og om fordelane med både økologisk mat og med brød av dei gamle kornsortane. Servering på bestilling.

Dans

Gammellavin er ombygd til kurs-, teater-, utstillings- og konsertlokale. I Berits familie – Larsen-familien i Verdal – finn vi fleire av dei beste folkemusikarane i landet. Dei har konsertar og deltar på mange arrangement her. Men det er ikkje berre folkemusikk du kan oppleve på Bjerkem. Er du heldig kan du få bli med på folkedans og kanskje få deg eit polskurs. Kanskje kan du og dumpe borti ein dansekveld på Gammellavin. Torunn og Johan Einar er faste instruktørar i folkedans på Norges Musikkhøgskole og er blant dei som liker å ta vare på både songdans og turdans i tillegg til det ein vanlegvis kaller folkedans. Johan Einar har som hovudjobb å vera dagleg leiar for Hilmarfestivalen på Steinkjer, som arrangeres i november kvart år til minne om og ære for spellmannen Hilmar Alexandersen.

Gammellavin teaterlag

Kvart år i desember inntar store og små nissar Gammellavin. Alle tre generasjonane er med på nissemusikalen Julestemning av Jarle Berg. Kårkall Jakob og bonde Johan Einar framstiller Skogsnissen og Fjøsnissen på teaterscenen. Torunn og Astri Andrea sminker, Jakob Steinar er billettør og Berit er matsjef, sufflør og kostymeansvarleg. Nordpolnissen samt smånissar blir framstilt av gode naboar. Julestemning er no spelt i 10 år, og for mange blir det ikkje jul før dei har vore på Bjerkem og sett nisseteater og kjøpt seg nissegraut.


Bjerkem er lånekunde i Cultura Bank.

Foto øverst på siden: Una og Lea Bjerkem med kattunger.