Nr. 2025/2
Pengevirke - Tidsskrift for ny bankkultur

Mennesker båt og not i vannkant med grønt landskap i bakgrunnen.
I Guovdageaidnu er det ein sterk tradisjon for notfiske, men få behersker kunsten i dag. Derfor inviterte vi en av dem til å holde kurs for oss i Ávži. (Foto: Svein Lund)

Eit ufullendt prosjekt på Finnmarksvidda

Svein Lund, styreleiar Guovdageainnu meahcceguovddáš

Publisert: 13/11/2025

«Frå styresmaktene går det inflasjon i ordet berekraft.»

Ein av bedriftskundane til Cultura Bank heiter Guovdageainnu meahcceguovddáš. Vi heiter det og ikkje noko anna, sjølv om Brønnøysundregistera ikkje har eit datasystem som anerkjenner samiske bokstavar*. Om du høyrer til den store delen av folket i Noreg som ikkje får så mykje ut av namnet, skal du få forklaringa her.

Med naturen som bruksområde

Guovdageaidnu er no endeleg offisielt namn på kommunen som i mange år i offentlege dokument berre var kjent i den fornorska utgåva av ordet: Kautokeino. Det er største kommunen i Noreg i folketal, største reindriftskommunen og kommunen der størst del av folket snakkar samisk. Det er også truleg den kommunen der samiske tradisjonar med utmarkshausting står sterkast.

Guovddáš er beintfram samisk for ‘senter’. Men kva med meahcci? Den næraste omsetjinga til norsk er natur eller utmark, men meahcci er noko meir. Det er naturen som heim og bruksområde. Ein kan hogge ved i muorrameahcci, plukke bær i muorjemeahcci, fiske i guollemeahcci og så vidare.

Mennesker i grønt område i myr.

Vi kan etter kvart ein del om planter, men treng også hjelp av dei som kan meir. Her er kurs i bestemming av planter og bruk av Artsdatabanken med Andy Sortland frå Norsk Botanisk Forening og UIT. (Foto: Svein Lund)

Mens andre natursenter som har namn på samisk kallar dei luondduguovddáš, etter det generelle ordet for natur, har vi vald Meahcceguovddáš, for nettopp å markere naturen som bruksområdet vårt.

Får ikkje vise naturen som heilskap

Etter kvart har Meahcceguovddáš byrja å bli eit kjent omgrep i Guovdageaidnu og litt utover. Vi har kurs, flyttbare utstillingar og nettsida, som sjølvsagt heiter meahcci.info. Men framleis spør folk: – Kor er Meahcceguovddáš? Så må vi svare: – meahcis (i naturen). Vi har nemleg enno ikkje klara å skaffe oss eigne lokale, utanom eit kontor og eit lite lagerrom i det kommunale kulturhuset. Og søker du dagleg leiar eller naturformidlar, så finst ikkje dei heller. Senteret har er eit vald styre og ganske mange engasjerte, og ikkje minst kunnskapsrike, medlemmar, som jobbar for senteret mot lita eller inga betaling.

Kva er det vi manglar som andre natursenter i Noreg har? Det er ikkje naturgrunnlag, ikkje kunnskapar, ikkje idear, men det som er stikkordet for alle senter med offentleg støtte: autorisasjon. Rundt i landet finst det ganske mange besøkssenter for nasjonalpark, våtmark, rovdyr, villrein, skog, verdsarv – og Oslofjorden. Dei får årleg driftsstønad frå Miljødirektoratet. Når Meahcceguovddáš spør, svarar dei alltid: Vi må søke på dei vanlege ordningane. At desse svært sjeldan er lyst ut er ein ting.

Verre er at ordningane ikkje passar inn med samisk naturbruk og samisk syn på naturen. Der deler ein ikkje inn naturen etter grenser som er sett av norsk forvalting, ikkje etter artar, typar natur eller vegetasjon. Og der ser ein alt i naturen i samanheng, og i samanheng med menneska sin bruk av naturen. Ein slik tankegang har tydelegvis ikkje plass i norsk forvaltning. Vi har alt på lista, unntatt Oslofjorden, pluss at reinen vår er tamrein, ikkje villrein. Det er ikkje det vi manglar som er problemet, det er at vi ikkje får vise naturen som heilskap.

Øydelegg naturgrunnlaget for samisk kultur

I seks år har vi forgjeves forsøkt å få nokon frå den sentrale forvaltninga til å komme til Guovdageaidnu på eit seminar for å diskutere nettopp dette. Vi har sendt folk til Oslo som har fått snakke for døve øyre. No forsøker vi å kople dette til oppfølginga av Sannhets- og forsoningskommisjonen sin rapport, som slo fast at norsk naturforvaltning har vore del av fornorskinga. Så langt er det få teikn til at dette slår inn hos sentrale styresmakter.

Frå styresmaktene går det inflasjon i ordet berekraft. Vi skal ha ei berekraftig reindrift. I reinbeiteområdet skal vi ha berekraftige gruver, berekraftige vindkraftanlegg og berekraftige kraftlinjer. I fjordane skal vi ha berekraftige oppdrettsanlegg.

I motsetning til dette, ønsker natursenteret å vise kva som har vore, og delvis enno er, berekraftig samisk naturbruk. Vi ønsker å vise korleis folk har nytta naturen til jakt, fiske, sanking av bær og planter m.m. Og korleis vi kan ta vare på desse tradisjonane i dag, og utvikle dei vidare, mellom anna med langt meir allsidig bruk av planter til mat og medisin. Men vi vil også vise korleis den berekraftige bruken har blitt hindra og dels erstatta av annan bruk, som øydelegg naturgrunnlaget for samisk kultur. Vi vil vise resultata av utbygginga av vasskraftverk, vindkraftverk og gruver.

Treng støtte

Person drar garn fra båt på elv med vidde i bakgrunnen.

I 2024 fikk Meahcceguovddáš kjøpt ein 40 år gamal elvebåt, som vi brukar til turar og fiske. Her trekk forfattaren av denne artikkelen garn i Guovdageaineatnu.
(Foto: Basia Głowacka)

Samisk naturbruk er ein vesentleg del av samisk kultur, og vi ønsker derfor å kople dette saman med andre sider ved kulturen. Som eksempel kan vi nemne at det finst joikar om mange dyr, nokre planter og om særskilde landskap. Vi vil samarbeide med andre organisasjonar og institusjonar som lokalt joikesenter, og med historielag og nasjonalparkforvaltning, og med forvaltarane av UNESCO verdsarv og dokumentarv i nærområdet vårt. Målet er eit felles senter for natur, kultur og verdsarv.

Vi har fått støtte til utviklingsarbeid av kommune, fylkeskommune, Sametinget og Finnmarkseiendommen, men skal vi klare å bygge opp eit besøkssenter og sikre drift av dette, treng vi og støtte frå dei sentrale styresmaktene som elles har ansvar for slikt. Men der er det så langt lite velvilje å hente. Om dei skulle lese dette og meiner vi dømmer dei for hardt, skal vi endre denne påstanden – så snart vi ser eit grunnlag for det.

*Pengevirke har vore i kontakt med Brønnøysundregistera, og dei bekreftar at systema deira ikkje er kompatible med samiske bokstavar, men at eit nytt system der dei kan nytte samiske teikn er under utvikling.