Nr. 2017/1
Pengevirke - Tidsskrift for ny bankkultur

Mann med rullator hviler seg på benk utenfor hus.
Fra Vidaråsen Camphill. Foto: Ruben Khachatryan

Klingande mynt

Elisabeth Husebø

Publisert: 24/03/2017

Kameraten min er ein flott kar med mykje ekstra å bidra med (mellom anna eit ekstra kromosom). Han møter trufast på jobb kvar dag; om formiddagen i snikkarverkstaden, der han formar skåler med hoggjern, gjer finpussen til ein leikebil, eller målar ein snurrebass i gilde fargar.

Flink til å kosta og støvsuga er han også, og det trengs jo ofte på ein snikkarverkstad. Om ettermiddagen er han med skogsgruppa oppe i vedskjulet, der det vert produsert vedsekkar i lange baner.

Han er også ein skodespelar, ein entertainer, så arbeidskameratane hans kan i blant få besøk av Elvis Presley som syng love you tender med djup mannerøyst, av kaptein Sabeltann, eller andre som syng. Når songen er slutt, går han ut av rolla og «vert menneske igjen», som han uttrykker det.

Han har gått på skule og lært litt av kvart, han kan lesa litt, og skriva namnet sitt og vel så det.

Han er svært stolt av den store magen sin. «Fire meter mage!» seier han nøgd og visar fram tre fingrar samstundes som han skyt magen godt fram.

Han er i det heile veldig oppteken av tal og storleikar. Han er ein svært original matematikar og måler ting på måtar som ikkje mange andre ville ha kome på: på legestasjonen har han tatt blodprøve; femti meter blod! Han får ein flis i fingeren, og det gjer fire kilo vondt! Men det er verre å få flis i auga, då er smerta på tretti kilometer! komma fem!

Fra Hogganvik Camphill. Foto: Sissel Jenseth

Han er ikkje så veldig oppteken av pengar, men litt er jo kjekt å ha, når ein skal på kiosken på fredag til dømes. Myntar er kjekkast, dei er det liksom litt meir med enn desse papirlappane, det vert litt abstrakt. Ikkje kan ein klirre med dei i lomma, og ikkje vert det ein stor haug av hundre kroner heller, om ein berre har ein papirlapp. Det er kjekkast om det er fleire av ein ting, då kan ein kjenna seg rik; «Sjå så mykje pengar eg har, tretti kroner!» sa han sist fredag og viste stolt fram tre raude setlar. Så fann han fram det han ville kjøpa, ga pengar til kioskdama og fekk vekslepengar tilbake; masse mynter!

No finst det dei som vil at Noreg skal verta det fyrste landet i verda utan kontantar. Korleis skal det gå med kameraten min då? Eg trur han vil ha vanskeleg for å forstå at eit plastkort kan representere pengar. Og ikkje kan ein sjå på kortet heller om ein har to kroner eller to tusen å rutta med. Og å læra ein pinkode? Gløym det! Om kontantane forsvinn vil ikkje kameraten min vera i stand til å gjera det enklaste innkjøp på eiga hand, men verta heilt avhengig av ein som er flinkare enn han med tal – i den konvensjonelle forståinga. Då vil det bli litt mindre sjølvstende, litt meir utanforskap for kameraten min. Så eg håpar for hans skuld, og for andre som han, at vi får behalda både setlar og klingande mynt i lang tid enno!

Artikkelen har tidligere vært trykket i Klassekampen.