Nr. 2017/1
Pengevirke - Tidsskrift for ny bankkultur

Vaniljeis fylles i beger.

Isrosa – månedens kunde i mai

Øystein Skjæveland, Isrosa

Publisert: 09/06/2017

Eit lite, økologisk småbruk i Kvinnherad i Hordaland er heimstaden til to ulike økologiske produktliner: Isrosa økologisk is og Rein hudpleie. 

På småbruket bur ekteparet Øystein Skjæveland og Una Kolle og dei tre borna deira, saman med 25 verpehøner, to hanar, fire kopplam og ymse kattar, ender og kalkunar

Øystein starta ismakar-karrieren sin med å vera dessertansvarleg på haustfesten då han gjekk på jordbruksskulen i Aurland. Produktet slo godt an, snøballen byrja å rulla og i år er det 14 år sidan Isrosa is fekk Debio-godkjenning, som den fyrste iskremen i Noreg. Etter kvart auka produksjonen, og er i dag ein viktig del av levebrødet til familien på garden i Herøysund i Kvinnherad.

Familien auka også, og med tre born pluss gardsdrift og foredling var det ikkje like lett å få timane til å strekkja til. I 2014 tok difor familien ein pause i eigen mjølkeproduksjon og kjøper no mjølk frå andre økologiske gardsbruk i kommunen. Mjølka kjem fersk på tankbil rett frå fjøset. Egg og rabarbra er framleis av eigen produksjon, og andre is-råvarer kjøper dei inn lokalt, så langt det går. Eit langsiktig ynskje er å få kyr på båsen att når ungane vert litt større, noko sonen Eimund på åtte år stør heilhjarta opp om. Han vil helst ha ku med ein gong.

Dei siste tre-fire åra har Una bygd opp ein eigen produksjon av hudpleieprodukt med økologiske råvarer. Det tok ikkje lang tid før kjøkenbenken vart for trang for produksjonen, og Una tok over det ledige mjølkerommet i fjøset. No er også dét for trangt, og planen er eit nytt produksjonslokale i kjellaren på bustadhuset. Blant bestseljarane er hårsjampo, leppepomade, deodorant og ringblomsalve. Una dyrkar sjølv ringblom i hagen, og har nyleg planta brennesle til bruk i sjampo. Men den mest spanande nysatsinga er bikubar for å få eigen bivoks til salvar og kremar. Og så litt honning som bonus, då.

Isrosa med isbil på festival.

Både is og hudpleie vert selt i utvalde butikkar på Vestlandet, Oslo, Vestfold og Telemark. I tillegg har Una eigen nettbutikk for Rein hudpleie. Isrosa-is kan du også få tak i på ymse festivalar og marknader i sommarhalvåret, mellom anna Øya-festivalen i Oslo.