Nr. 2018/1
Pengevirke - Tidsskrift for ny bankkultur

Skaperglede

Rommet mellom fortid og framtid

Ola Aukrust / Ola Aukrust. Foto: U2pia

Publisert: 21/03/2018

Ola Aukrust er bonde og gartner på den økologiske gården Nordgard Aukrust (Lom). Han skriver her om hvordan han skaper seg stille og kreative rom i hverdagen.

MENNESKET OG STJERNENE

Vise menn har sagt: Ein gong tala stjernene til menneska. No må menneska tale til stjernene. I dette ligg fridomens harde krav. Mindre enn før står skreve i stjernene, – om ikkje Gudane er døde, lever dei iallfall eit meir bakoverlent tilvære. Ansvaret vårt for planeten er reelt, vi er i dag den skapande, kreative kraft på vår vesle, blå klode. Det skapande potensiale er nedlagt i alle menneske, i tillegg til å vera forma av arv og miljø kan vi forme nye uttrykk, gje liva våre eit eineståande, autentisk preg. Utan denne evne ville ikkje fridomen vera verkeleg, og heller ikkje ansvaret for handlingane våre. Å vera pessimist er enkelt og uforpliktande, difor må vi heller håpe med Leonard Cohen (Villanelle for our time): «We loved the easy and the smart, But now with keener hand and brain, We rise to play a greater part.»

DET STILLE ROM

Slik kan vi også seie med Joseph Beuys, tysk avantgar­de-kunstnar i førre hundreåret: «Alle menneske er kunstnarar.» Det gjeld å skape eit nærver i det ein gjer og står i. Dette nærver kan øvast opp, men er i dag truga av ei enorm, påtrengjande fråværskraft. Ikkje minst frå teknologien vi går med i hendene til einkvar tid, som på sin måte alltid ropar at Livet er et annet sted (roman av den tsjekkiske forfattaren Milan Kundera).

Kontinuerleg stress drep ska­parkraft i oss alle

Klaus Otto Scharmer voks opp på ein bio-dynamisk gard i Nord-Tyskland, var i ungdomen elev av Joseph Beuys og er i dag jet-set-rådgjevar for store konsern som treng kreativitet og fornying. Han har utforma eit reiskap han kallar for U-prosess: Det startar med nedbygging av alle vante tankemønstre, forestillingar og svar. Nedst i U-en er eit stille rom, – denne prosessen er ein føresetnad for å stige opp med nye bilete, tankar, inspirasjonar, intuisjonar. Kontinuerleg stress drep skaparkraft i oss alle. Scharmer kallar den nyskapande kvaliteten ‘presencing’ – eit sansande nærver der framtida vert notid.

Sumarhalvåret vert ein bonde og gartnar som meg styrt av alt som må gjerast til rett tid. Sjølv prøver eg difor å legge inn «stille rom» seinhaust og tidleg vår. Da er eg oftast utanlands ei veke eller to, avstand til eige virke er også ofte ein nødvendig føresetnad. Det er «altfor lite av ingenting på altfor manges program» seier den store danske Piet Hein. Eg søkjer da inspirerande samanhengar, menneske, stader.

Urtehagen og Hagehuset på Aukrust

Urtehagen og Hagehuset på Aukrust. Foto: Ola Aukrust

DET NYTTIGE OG DET VAKRE

Mellom anna med hjelp av lån frå Cultura Bank har vi bygd eit hus for kulturformål på garden vår. For utstillingar, konsertar, foredrag og servering. Så langt kallar vi det for Urtehagehuset, eller heller Hagehuset eller på dialekt Hågåhuset (men i kvardagen vår heiter det framleis Nybygget). Det ligg som ein vegg mot sør i hagen, litt som i gamle klosterhagar. Med det nye bygget endra samanhengen seg, og dei siste åra har vi gravd opp den kjære gamle urtehagen, mura steinmurar og laga nye bed, dam og plass for uteservering. I tillegg murar vi steinmurar i tradisjonell og utradisjonell stil på nedsida av Nybygget, med eit eige bed for ein årleg skiftande temahage. I år blir det truleg insektplanter. No er ein ny heilskap i ferd med å vekse fram.

For å ha ein ‘generalplan’ å gå ut ifrå hadde vi besøk av Lars Krantz, pioneren bak Rosendal Trädgård på Skansen i Stockholm. Han må seiast å føre vidare arven frå Arne Klingborg og det som levde i Järna utanfor Stockholm dei siste tiåra i førre hundreåret. Her gjekk nyskapande husarkitektur, hagar, kompostplassar og renseanlegg for avløpsvatn opp i ein høgare einskap. Ei syntese av det nyttige, det funksjonelle, – og det vakre. Og kanskje har det nyttige og det vakre felles opphav, i det store opphavet for alt, i ‘logos’, i det som ligg til grunn for alt som har vorte til.

FRAMOVER

Etter kvart som grovarbeidet er gjort er utfordringa å fylle hagen og hagehuset med liv og røre. Vi planlegg stand på Hagemessa på Lillestrøm sist i april og vil ha ferdig ein folder med presentasjon og årsprogram til da. Vi er uansett i gang med ein gjennomgang av det som på fagspråket vert kalle for vår ‘visuelle identitet’, det er eit program med støtte frå Innovasjon Norge. I desse dagar blir ny urteemballasje produsert, – om ein likar det eller ikkje er design nærare halvparten av eit salgsprodukt. Målet er å synleggjera ein sterkare identitet, vår forankring i eit tydeleg indre og ytre landskap.

Siste laurdag i juni har vi utstillingsopning med ei utstilling om Milada Blekastad. Ho kom til Gudbrandsdalen som 16-årig ungjente og vart gift med målaren Hallvard Blekastad, da 50 år. Her er det mykje lokal tilknytning, til Grundtvig, antroposofi, – men Milada Blekastad kjende også godt Charta-rørsla i Tsjekkoslovakia og oversette fleire bøker av Vaclav Havel til norsk. For å skape spenning trengs det eit spenn, som spennet mellom det lokale og dei store ideane.

Illustrasjon- portrett av Olav Aukrust

Poeten Olav Aukrust vokste opp på gården i Lom.

For å skape kreative rom trengs langstidsplanlegging. Vi er i eit diktarlandskap, og i 2019 vert det truleg Diktardagar i Lom med tema omkring poeten Olav Aukrust (som voks opp på garden her) og fjellet. I 2020 er det hundre år sidan Kjell Aukrust vart født, faren hans trakka sine barnesko her på tunet nokre kilometer frå Flåklypa. Da planlegg vi fokus på han.

Vi treng andre sine blikk og idear, så ta gjerne kontakt på e-post!