Nr. 2018/4
Pengevirke - Tidsskrift for ny bankkultur

Glade cher-leadere
Ø-merket, Fairtrade og Svanemerket er tre berekraftsmerke som kvar på sitt vis bidreg til meir berekraftig produksjon og handel. Vi hyllar #handlehelter som reddar verda litt kvar gong dei vel berekraftsmerka produkt i butikkhylla.
Forandring er mulig

Bærekraftsmerka med felles forbrukarkampanje

IDUN BJERKVIK LEINAAS, DEBIOINFO / Ø-merket, Fairtrade og Svanemerket gått saman om kampanjen #handlehelt.

Publisert: 19/12/2018

Norske forbrukarar ønskjer bærekraftige produkt, men eit fleirtal synst det er vanskeleg å vite kva produkt som er bærekraftige. Kampanjen #handlehelt vil prøve å hjelpe deg!

I haust har Svanemerket, Fairtrade og Ø-merket gått saman om kampanjen #handlehelt, som vil vise kor enkelt det er å velje bærekraftig. Med kampanjen ønskjer vi å inspirere enda fleire til å ta det lille valet som gjer ein stor forskjell.


For å se dette innholdet er du nødt til å godta informasjonskapsler for følgende kategorier:
statistics, marketing.


Vel du bærekraftsmerka produkt, bidrar du mellom anna til at mindre mikroplast vert slept ut i havet, til redusert bruk av kjemikaliar og sprøytemiddel, til betre dyrevelferd eller til at bønder i utviklingsland får ei betaling som gjer det mogleg å leve godt og dyrke jorda på ein bærekraftig måte.

NORSKE FORBRUKARAR ØNSKJER BÆREKRAFTIGE PRODUKT

Eit fleirtal av norske forbrukarar vil unngå at varene dei kjøper verkar negativt inn på menneskjer eller miljø. I ei undersøking bærekraftsmerka har gjennomført, seier seks av ti forbrukarar at dei sjølve har eit ansvar for å velje mest mogleg bærekraftig. Blant dei som kjenner til dei tre bærekraftsmerka, seier om lag halvparten at dei ser etter merkeordningane når dei handlar. I ei undersøking som Miljømerking nyleg har gjort, svarte 82 prosent at dei ønskjer å ta gode miljøval når dei vel produkt, men samtidig meinte 78 prosent at det er vanskeleg å vite kva som er gode miljøval. Svanemerket, Ø-merket og Fairtrade er dei mest kjende merkeordningane for bærekraftige produkt i Noreg; dei har alle ein kjennskap på mellom 69 og 94 prosent.

ALVORLEG BODSKAP FORMIDLA MED HUMOR

Dei tre bærekraftsmerka har i haust gått saman om ein kampanje som oppmodar forbrukarar til å gjere ein stor forskjell gjennom å ta eit lite val og sjå etter bærekraftsmerka produkt når du handlar. I tre korte filmar som har blitt spreidd på sosiale media, har vi hylla handlehelten: den heilt vanlege butikkunden som reddar verda litt gjennom å velje bærekraftsmerka produkt. Stuntreportar, skjult kamera, heiagjeng, korpsmusikk og overraska kundar dannar ei humoristisk ramme rundt eit alvorleg bodskap.

Merkeordningar gir forbrukarar kunnskap om produkta dei kjøper. Ser du etter bærekraftsmerka, kan du som forbrukar enkelt omsette ditt engasjement for menneskjer og miljø til handling. Potensialet for å få enda fleire til å sjå aktivt etter bærekraftsmerka er stort! Vi vil heller oppmode enn å skremme folk til å ta dei rette vala, og trur at vi kjem lengst med å bruke humor når vi stimulerer til bærekraftige handlevaner. Likevel har kampanjen ein alvorleg undertone: det handlar faktisk om å redde verda litt gjennom eit forbruk som skånar miljøet og fremjar bærekraft, seier Annabelle Lefébure-Henriksen, dagleg leiar i Fairtrade Norge.

SAMARBEID FOR Å NÅ BÆREKRAFTSMÅLA

FN sine bærekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikheiter og stoppe klimaendringane innan 2030. Her peikar ein på næringslivet som ein sektor som kan påverke stort, og private, offentlege og ideelle aktørar vert oppmoda til å samarbeide om å nå måla.

For å se dette innholdet er du nødt til å godta informasjonskapsler for følgende kategorier:
statistics, marketing.