Nr. 2021/2
Pengevirke - Tidsskrift for ny bankkultur

Mennesker fremfører musikk og sang i stor sal
Et spill til Mikkelsmess Vidaråsen 2020» av Karl König fremført med ny musikk av Cornelius Evensen. Se hele forestillingen på YouTube. Video/foto: Ruben Khachatryan
Skape forandring

Å skapa endring

Elisabeth Husebø, Hogganvik Landsby

Publisert: 17/06/2021

«Langsomt blir allting til, Skapelsen varer evig»
Inger Hagerup

Å skapa er i utgangspunktet ei endring – frå øyde og tomrom til verda, frå kaos til kosmos, frå blanke ark og fargestift til kunstverk …

Skaparverket er også i konstant endring, langsamt slik kontinent flyttar på seg og fjell vert brote ned til sand, ein årleg syklus frå frø til blome og tilbake til frø, langsam vekst som eit tre …

Som menneske er vi også underlagt desse endringane som er innbygde i skapinga; vi vert fødde små og hjelpelause, blir vaksne og kraftfulle, vert gamle og svake. Men det vi gjer ut av livet, det er vi med og skapar sjølve! Også menneskesamfunn er det vi menneske som har skapt, og vi som kan endra. Men det er lett(are) å berre drive med straumen, tilpassa seg endringar utanfrå, «alle gjer det slik no». Korleis kan vi bli aktivt med på å skapa dei endringane som trengst, i balansen mellom å sitte fast i fortida, følga med i tida, og i aktivt å forme framtida?

Kvinne arbeider med vevet stoff.

Fra livet på Hogganvik.
Foto: Insa Rumpf.

Camphill-rørsla vart til som ein impuls til ein ny måte å leva saman på, inspirert av antroposofi generelt, tregreiningstanken spesielt, og med vern av det sanne menneskebiletet som leiande motiv.

Formene dette har tatt i det praktiske liv har vore forskjellige; ulike land har forskjellig lovverk ein skal passa inn i; det er forskjell på å driva ein skule for barn og ein landsby for vaksne, osb.

Men også tidene har forandra seg:
På 40-talet var det generelt ganske uvanleg å ha eit eige soverom, og i Camphill School dela ein «soveromsansvarleg» medarbeidar rom med fem til ti barn med spesielle behov. Og i landsbyane var det vanleg til langt ut på åttitalet at bebuarar eller unge medarbeidarar dela rom. No har det blitt ein sjølvsagt ting at alle menneske treng sitt eige soverom, og kanskje sitt eige opphaldsrom og bad også. Og at husansvarlege må ha ei leilegheit for seg sjølv, eller kanskje bu for seg sjølv i eit nabohus har blitt meir og meir vanleg.

Eg veit ikkje heilt kor medvetne vi som lever i ein Camphill-fellesskap har vore når vi har tatt del i desse endringane i synet på kor mykje (materielt) rom eit menneske treng? Og er det gamaldags eller framtidsretta å bu i store husfellesskap? Det er det delte meiningar om, både innanfor og utanfor rørsla.

Og dette med Bibelaften; å samla seg kvar laurdag til eit fint måltid og snakka om ein bibeltekst, er det håplaust utdatert? Eller er det noko framtidsretta, dette å samtala regelbunde om kva det vil seie å vera eit menneske, og i kva retning vi ønsker å utvikla oss, på bakgrunn av ein bibeltekst?

Mann arbeider med vev

Veving
Foto: Insa Rumpf

Å gjera arbeidet sitt, ikkje for ei løn i vanleg forstand, men ut frå kjærleik til «alt som er i fellesskapen sin varetekt» er eit anna leiande motiv i Camphill-rørsla. Her er det også store forskjellar på korleis dette vert praktisert. I Noreg blir det gjort slik at medarbeidarpengar går inn i ein felles pott, der alle får behova sine dekka, og eventuelle overskot har blitt gjort til frie gåvepengar, oftast til utviklinga av landsbyane, både her i landet og til dømes i Aust-Europa. Korleis pengar har blitt delt etter behov, har variert noko frå landsby til landsby, og endra seg gjennom åra, det er ein modell som det stadig blir gjort bevisst arbeid kring.

Det er etter kvart ganske mange som har arbeidsplassen sin i Camphill utan å bu der, utan å ta del i levefellesskap og økonomisk fellesskap. Korleis vi får til ei rettferdig godtgjering for deira arbeid, og korleis vi klarar å ha to parallelle system: løn for ei viss mengde målbar mengde arbeid, og å dekke behova til dei som ikkje tel timar, eller delar inn dagen i arbeid og fritid på vanleg måte, er ei av utfordringane Camphill må har måtta ta tak i dei siste tiåra.

Å skapa endring – det er kanskje å stå med føtene trygt på jorda, i det som er no, og med blikket festa på det idealet vi vil fram til. Og så lyfte ein fot og ta eit skritt om gongen; for den som har begge beina på jorda, står still.

Les mer om Camphill.