Nr. 2019/2
Pengevirke - Tidsskrift for ny bankkultur

Mennesker sitter samlet på stoler i en ring under et møte
Godt oppmøte på første seminar i Aurland med Ove Jakobsen og Vivi Storsletten.
Engasjement for framtiden

Økologiske entreprenørar

JORUNN BARANE / Godt oppmøte på første seminar i Aurland med Ove Jakobsen og Vivi Storsletten. SOGN JORD- OG HAGEBRUKSSKULE

Publisert: 18/06/2019

Det store engasjementet for økologisk landbruk på Sogn Jord- og Hagebruksskule heng saman med eit større spørsmål om utvikling av berekraftige lokalsamfunn.

Korleis kan utdanninga i økologisk landbruk òg vise ungdom framtidsvisjonar om berekraftig samfunnsutvikling? Og korleis kan utdanninga gjere elevane i stand til å ta leiing for å gjere ein forskjell, stor eller liten? For å få hjelp til å svare, har vi utvikla eit strategisk partnarskap i Erasmus+-programmet – med partnarar som stiller same spørsmål. Målet er å styrka kvaliteten i utdanninga og fremma utvikling og nyskaping gjennom internasjonalt samarbeid og nettverk.

Dei gode hjelparane vi har med på laget er Krogerup Højskole frå Danmark der iverksetteri, sosialt entreprenørskap og Grundtvig sitt verdisyn er sentralt. Schumacher College i England bidrar med Transformative Learning for Ecological and Social Changes. CEMUS i Uppsala er gode på mellom anna elevinvolvering i undervisinga kring klima og miljø. Og sist, men ikkje minst, har vi med oss Senter for økologisk økonomi og etikk ved Nord universitet i Bodø. Våren 2019 skal vi gjennomføra tre seminar i lag med Ove Jakobsen og Vivi Storsletten der vi arbeider med økologisk økonomi og SJH si rolle som bedrift i lokalsamfunnet.

I Vg3-faget Næringsdrift kan elevane velja mellom foredling av lokale råvarer eller garden som ressurs, der fellesdelen omhandlar økologisk entreprenørskap. I fellesdelen arbeider vi med vertskapsrolla, eigne verdiar og visjonar, metodar i stadanalyse og trendar i samfunnet. Nettverksbygging og samspel står sentralt, med spørsmål om korleis vi i fellesskap kan formidla ressursar og verdiar for å auka verdskapinga i eit område. Ein økologisk entreprenør må kunne skoda inn i framtida, førestilla seg og sjå kva som trengs og nettopp arbeida med å konkretisera desse framtidsvisjonane.

I ei masteroppgåve frå 2014 ved Nord universitet er definisjonen av ein økologisk entreprenør «ein som er driven ikkje berre av moglegheitene for forteneste, men også av miljømessige og sosiale omsyn» (Lygre et.al, 2014 – s. 5).

Dei økologiske entreprenørane kan dermed bli forandringsagentar og spydspissar i vidare utviklingsprosessar, også kalla samfunnsentreprenørar. Og dermed starta nye prosessar, dialogar og nettverk for å få meir berekraft og økologi hjå produsentar og bedrifter, og slik også bidra til omlegging til økologisk økonomi.